Uncategorized

Slutt med denne galskapen. Forfattet av biolog Per Engene.

Slutt med denne galskapen.

Forfattet av biolog Per Engene.

Equinor, LO og NHO sammen om nytt klimamål: Norsk sokkel skal bli utslippsfri. Klimadebatten er heftigere enn noen gang og oljenæringen blant dem som har fått et kraftig kritisk søkelys rettet mot seg. Ifølge VG/E24s opplysninger svarer nå oljenæringen, norske redere og LO med å love et saftig klimakutt.

Skjermklipp fra Finansavisen 5.januar 2020

Kva er Klimakutt?

Klimakutt er kutt i utslepp av CO2! Det er skremmande og aldeles uhøyrt! Tenk det: Så lite CO2 som det er i lufta i dag. Den normale mengda av CO2 i 600 mill. år er sju gonger så mykje CO2 som det er i lufta i dag. Gartnaren pøser på med det firedobbelte med CO2 for å få brukbare avlingar i drivhuset! I dag er det ikkje meir CO2 i heile atmosfæren enn at all CO2 kunne få plass i ein av dei minste kommunane i landet, Bø i Telemark. Og på ein stor globus er ikkje Bø større enn eit punktum.

Norske politikarar gløymer også at i Bronsealderen og 8.000 år før den tid var det 4-5 grader C varmare enn i dag. Det vaks furuskog over alle fjellvidder heilt opp til 1500 moh. og meir, og forskarane meiner at fjella var isfrie i Skandinavia i lange periodar. Då er det meir enn merkeleg at folk skulle vera redde for at temperaturen skulle gå opp 2-3 grader C. Dersom me skal høyre på solforskarane, er nok sjansen større for at temperaturen går ned enn at han går opp. Det viser at Paris-avtala er svært lite verdt. Og det viser at vitskapen er meir å stole på enn politikarane.

Toppen på kransekaka er at Noreg gløymer at CO2 er ein heilt uskyldig gass. Tvert imot så er CO2 livets gass, for i fotosyntesen, som er grunnlaget for alt liv, er CO2 det einaste næringsstoffet. Folk gløymer at i samsvar med Henrys lov er CO2 balansert mellom luft og hav, der det er 50 gonger så mykje CO2 i havet som i lufta.

Det same viser masseverknadslova, eksperimentert fram av dei norske forskarane Guldberg og Waage med likninga for karbonatbufferen. Desse framståande norske forskarane blir heilt utegløymt av «spesialistane» ved Cicero i Oslo og Bjerknes-senteret i Bergen!

Når det blir for mykje CO2 i lufta, så tar kaldt vatn ved polane opp CO2 frå lufta. Når det blir for lite CO2 i lufta, så gassar det varme havet ut CO2 i tropiske område. Har de høyrt om solgangsvind om ettermiddagen, ein vind som bles frå havet inn mot land og tek med seg luft metta med CO2 ? Fotosyntesen har tømt lufta for CO2 ein varm dag, og så kjem solgangsvinden med luft som er metta med CO2 frå havet og etterfyller lufta med CO2. Det skjer heile tida kvar dag, og ordnar med at balansen av CO2 mellom hav og luft er korrekt.

Derfor er fjerning av CO2 fullstendig mislykka, fordi havet alltid etterfyller lufta med CO2. Kan det vera at norske politikarar er så kunnskapslause at dei ikkje har fått med seg denne kunnskapen om CO2?

Kan det vera at desse politikarane ikkje berre er så dumme, men dummare enn me trudde? Tida vil vise det.

No har Equinor tilgjengeleg 10-20 mill. tonn CO2 per år som selskapet kan tilby alle som har drivhus til ein brukbar pris. Det som blir til overs kan selskapet selja til andre land. Dei kan tilby Nederland t.d. å kjøpe CO2 til den store mengda med drivhus som landet har.

Politikarane i Noreg som einaste land skryter av at CO2 har vore bannlyst i snart 30 år, og store mengder CO2 har vorte deponert i fjellgrunnen under Sleipner-feltet til enorme kostnader på 30 milliardar kr eller meir per år, eller til saman i 28 år, svimlande 840 milliardar kr eller meir, pengar som skulle vore brukt t.d. i helsestellet og vegbygginga. Men no skal galskapen overta heilt. Det var ingen hjelp for nokon med dei enorme kostnadene med deponeringa av CO2 i snart 30 år, det var fullstendig bortkasta pengar! Og det blir fullstendig bortkasta resursar med den nye galskapen som skal overta.

Det er berre Noreg som har så dumme politikarar at dei deponerer CO2 i fjellgrunnen under havet. Andre land berre ler av Noreg som er så dumme, verre enn nokon bananrepublikk.

Her er det all grunn til å rope varsko: No må politikarene stoppe galskapen.